|
Flora kommune
Flora er ein kystkommune på 693 kvkm. Omlag 100 kvkm er øyar - resten er fjordar, hav, fjell og frodige fjordsider og dalbotnar. Naturen er storslagen og variert - frå nakne skjer til høge fjell - endåtil ein isbre.
Omlag 70% av dei 11 341 innbyggarane bur i kommunesenteret Florø.
Meir om Flora Kommune kan du lese hos Statistisk Sentralbyrå. Her ligg også dei fleste arbeidsplassane - innan både industri, handel, service og administrasjon. Her finn vi kino, bibliotek, museum, galleri, sjukehus, vidaregåande skule, stadion og idrettshall, restaurantar, kafèar, hotell og pubar, m.m.
Frå Florø er det gode og raske båtruter til dei mange bebudde øyane rundt om i kommunen. Her er det som oftast skule, barnehage og butikk i nærleiken, noko som får folk til å bli buande, sjølv om ein god del arbeider i Florø.
Tre av øyane må nemnast spesielt: Kinn, lengst vest i havet, der vi finn ei vakker stein-kyrkje frå 1100-talet. Her kan du oppleve det historiske Kinnaspelet kvart år i juni, framført utandørs i storslått natur. På Svanøy sør for Florø kan du vitje den gamle Svanøy hovedgård, eller museet på Erikstad, viltfarm og lakseoppdrett. Så har vi Barekstad (også kalt Hovden) som er den største øya i kommunen, med 15km2.
Også langs fjordane er det vakre, velstelte bygder: Eikefjord, Norddalsfjord, Steinhovden, Stavang, m.fl.
Lokal historie
Flora blei storkommune i 1964, då dei tidlegare kommunane Kinn, Eikefjord, mesteparten av Bru og deler av Vevring gjekk saman med bykommunen Florø.
Florø by vart grunnlagt ved kongeleg resolusjon 16. mai 1860. Den direkte årsaka var dei rike sildefiskeria rundt den nye byen. Derfor har også byen tre sildar i byvåpenet - Flora overtok både bystatus og byvåpen frå Florø.
På Stakaldeneset i Eikefjorden låg det eit svært steinbrot, som forsynte steinalderfolket på kysten med grøn diabas til verktøy og våpen. Vi finn også spor etter gamal busetjing fleire stader i kommunen: Helleristingsfeltet i Ausevik er eit av dei største i landet, og vi finn bronsealderbuplassar både på Kinn og ved Årebrot.
På øya Kinn vest for Florø står ei steinkyrkje frå 1100-talet, noko som vitnar om at dette var ein viktig stad på kysten.
På øya Svanøy sør for Florø ligg eit gammalt storgods: Svanøy hovedgård. Dette var ein svært sentral stad tidleg på 1800-talet - ein av Eidsvollsmennene i 1814 kom frå Svanøy.
Les også kulturhistoriske minner fra Florø.
Kommunikasjonar
Florø er eit kommunikasjonssenter på kysten. To gonger dagleg kan du ta ekspressbåt nordover til Måløy eller sørover til Bergen. Reisetida til Bergen er omlag 3 timar.
Frå Florø kan du raskt reise til Oslo, Bergen, eller til Danmark. Flysambanda er gode, og du er i Oslo vel ein time etter avgang frå Florø med DAT.
Florø har også helikopterbase for nokre oljeplattformer i Nordsjøen.
Bussrutene er godt utbygde, og reisetida er ein knapp time til Førde på riksveg 5. Vegen blir stadig utbetra, og med privatbil kjører du til Førde på rundt 45 minutt. Reisetid med bil til Bergen er no under 4 timar, til Årdal vel 3 timar, og til Oslo kan du kjøre på rundt 7 timar.
Hurtigruta har siste stopp før Bergen i Florø, og etter avreise frå Bergen er Florø første stopp.
Industri og arbeidsliv
Omlag 40 % av dei yrkesaktive i Flora arbeider innanfor industrien. Det er tre hovudbransjer her:
1. Skipsbygging og mekanisk industri, den viktigaste verksemda er Kleven Florø. Dette verftet har spesialisert seg på å bygge spesialtankskip opp til 37 000 tonn, og har omlag 500 personar i arbeid.
2. Oljeretta industri. I Florø ligg oljebasen Fjord Base, der 50-60 ulike verksemder har sitt utgangspunkt for å levere varer og tenester til oljeindustrien. Oljeselskapet Statoil har avdelingar her, og Norsk Hydro vil etablere seg med det første. INC-gruppen driv Fjord Base, og dette firmaet har også vedlikehald og andre oppdrag på sokkelen. Selskapa på Fjord Base har omlag 500 personar i arbeid.
3. Fiskeindustrien består av oppdrett av laks, slakting og eksport av laks, pakking og eksport av sild og makrell, (Global Fish), vidareforedling av lakseprodukt, og ein fiskefôrfabrikk. (EWOS Aqua)
|