Billettar får du på www.florasamfunnshus.no eller Tenestetorget tlf 57756000
E-mail:
Webside:
Torvmyrane skule har laga eigen regi og koreografi på musikalen Fame, som skal visast torsdag 11.februar kl.1600 og 1800 på Flora Samfunnshus.
Vi er godt i gang med øving, og publikum kan gle seg til ei flott og fargerik framsyning. Her vil alle vere aktørar, barn frå både barnehage og skule opptrer med kor- og solosang, og dans i ulike variantar. Vi kan by på noko for einkvar smak.
Torvmyrane skule har hatt to store framføringar tidlegare, den siste var ”Sirkus Torvmyrano” i 2006.
Med denne framsyninga av Fame vil vi vere med på å innleie opptakten til feiringa av 150 års jubileet til Florø by.