|
Brandsøykoret syng Theodorakis |
|
|
|
|
Skrevet av Frank Tangen
|
|
onsdag 29. mars 2006 |
 | I år satsar Brandsøykoret stort på ein Theodorakiskonsert som vi skal halde på Flora samfunnshus den 29. april. I tillegg til koret og koret sine eigne solistar, har vi med oss svært dyktige musikarar frå Flora kommunale kulturskule. |
Repertoaret spenner seg frå det vare og rolege, livlige og fengande, og til det dramatiske. Ein del av tekstane er svært dramatiske, og speglar vel igjen at Theodorakis har vore både fengsla og torturert. Alt er gresk og intenst. Vi vil tru at dei fleste vil dra kjensel på nokre av songane som bl.a "Vid stranden" og "Zorbas Dans" Etter konserten blir det gresk aften i festsalen. Her blir det gresk buffè av Bistro To Kokker, og variert musikk av Kiril og Aileen. Dei har lova oss bl.a både gresk og bulgarsk, melder Laila Anita Schønhardt til Floranett og håpar vi kan freiste dykk til å komme på både konsert og fest. Vi har og sendt innbyding til både kor og andre, og oppmoda dei til å komme med innslag på festen. Det gjeld sjølvsagt alle. Er det nokon som har noko å komme med, stepping, sang osb, er scena opa. Håpar vi skal få ein triveleg kveld med mange innslag. Det hadde vore utruleg moro å fått til ein slik fest Dette er ei helg det er vel verdt å ta turen til Florø. I tillegg til konserten vår, er det både båtmesse og NM i segling av optimistjolle. Søndag 30. april er det opning av sommarbyen, og truleg søndagsope i butikkane. (Det er søkt om det). Det vil bli sal av billettar på Smørbukken 57 74 21 25. Eller, de kan ta kontakt med Oddvar Svardal på tlf 57 74 38 74. Siste frist for billettar til festen er 23. april, dette p.g.a maten. Konsertbillettar vil bli solgt heilt fram til konserten startar. Billettpris: Konsert 150 kr Konsert og fest 300 kr. Håpar vi sjåast den 29. april, de er i alle fall hjarteleg velkomne. Kun registrerte brukere kan skrive kommentarer. Vennligst regisrer deg. Sitér denne artikkel på din side
Powered by AkoComment Tweaked Special Edition v.1.4.6 AkoComment © Copyright 2004 by Arthur Konze - www.mamboportal.com All right reserved |
|
Sist oppdatert ( torsdag 30. mars 2006 )
|